Open menu

Hyllingskonsert for Geir Egil Larsen

Hyllingskonsert for Geir Egil Larsen – med ei lang rekkje hemmelege gjestar!

Eldsjela Geir Egil Larsen blir 75 år hausten 2019, og ein kan ikkje overdrive den innsatsen han har gjort for folkemusikk og – dans gjennom åra.

Han har deltatt på konsertar og festivalar i inn- og utland, og gjort fleire plateinnspelingar (den første alt i 1973), og ein periode var han den artisten med flest konsertdagar for Rikskonsertane (storparten av desse skolekonsertar). I lag med kona, Maj Brit, har han halde tallause dansekurs. Han dirigerte òg Verdal mannskor i over 40 år.

For innsatsen sin har han mottatt ei lang rekkje stipend, prisar og utmerkingar, og i 2013 vart han tildelt Kongens Fortenestemedalje.

Under årets Hilmarfestival blir det derfor skipa til en eigen Hyllingskonsert for han, med fleire prominente gjestar. Ettersom innhaldet i konserten skal vere litt overraskande for jubilanten, må deltakarane haldast hemmeleg – men denne konserten vil du ikkje gå glipp av!

Tidspunkt
Fasiliteter
UkedagerDatoTidBeliggenhet
lørdag09.11.201918.00
20.00
Dampsaga
  • Spesial
    • Booking: https://hilmarfestivalen.no/program/hyllingskonsert-geir-egil-larsen/