Bli med å rakle rundt varmen med Kjetil Solberg Stavenes. Tak del i historia om dei båtreisande.
Gjennom forteljingar overlevert som små drypp i oppveksten, i eit forsøk på å forklare eit familiemønster, avdekker Kjetil Solberg Stavenes eit nedarva traume frå ei heil folkegruppe. «Fant, splint, tater, omstreifar. Dei reisande har mange namn.»
Kjetil har ikkje arva gjenstandar laga av sine forfedrar som kunstferdige knivar, staselege sjal og kongelege klokker, men det han har arva er forteljingar, formidlingsevne og ein søken etter fridom. Familien er av reisande slekt, men det snakkar dei ikkje om.
Ved hjelp av gjenstandar laga av dei reisande tar Kjetil publikum med på ei reise inn i forteljingane til slekta si med eit frimodig karaktergalleri. Han målar bilete av eit folk med sterk vilje og mykje humor, med assimileringspolitikken som dei reisande har vore utsett for som bakteppe. Eit språk og ei livsform som forsvann.
Men klarte dei å utslette kulturen? Eller lev han framleis i brotstykke? Kanskje som familiekultur, med forteljestundar rundt bålet. Alltid med ein kopp kaffi i handa.
Ordliste
Romani – Norsk
Rakle – Prate
Varmen – Bål
Mosjta – Kaffe
Dromen – Reisen
Beddon – Politi
Buro – Bygding (person som ikke er reisende)
Om produksjonen
Kjetil Solberg Stavenes er ein scenekunstnar, historiefortellar og poet. Han arbeider ofte i alternative scenerom med minimalistisk scenografi. Uttrykket hans er fysisk og leikent, fortellarstilen er malerisk, med store ord, og han oppheld seg som regel på vippepunktet mellom rein og sprø tragedie, der humoren ligg i det djupt tragiske og alvor i det banale.
Forestillinga er produsert av Kjetil Solberg Stavenes i samarbeid med Den Mangfaldige Scenen og Jakob Sande senteret for forteljarkunst.
- Av og med: Kjetil Solberg Stavenes
- Rekvisitør: Vilde Stensland Vinje
- Produsenter: Liv Hege Skagestad og Maren Eline Markussen
Det er 30 plassar til forestillinga. Kom i tide for å sikre deg plass. Det blir delt ut billettar på staden ved framvising av festivalpass.
Takk til Kjetils familie som har delt sine historier.
Ukedager | Dato | Tidspunkt | Sted |
|---|---|---|---|
| Lørdag | 07.11.2026 07.11.2026 | 15:10 15:50 | Dei båtreisande |
