Hilmartalentet er eit nasjonalt program der juryen plukkar ut den mest lovande enkeltutøvaren innanfor folkemusikken.
Hilmartalentet er eit nasjonalt program der juryen plukkar ut den mest lovande enkeltutøvaren innanfor folkemusikken. Dei fire tidlegare Hilmartalenta står i dag fram som nokre av dei leiande folkemusikarane i landet, så kom og høyr årets nye Hilmartalent mens ho stadig er «uoppdaga»!
Hilmartalentet 2026 – 2028 er Ingrid Standal Sørheim. Ho er ein ung og særeigen toraderspelar som allereie har vist ei utvikla musikalsk stemme. Toraderen er i Ingrids hender både eit tradisjonsbunde instrument og eit kreativt utforskingsverktøy.
På Hilmartalentkonserten vil Ingrid utforske korleis tradisjonsmusikken kan vere eit levande og nyskapande uttrykk.
Ingrid har valt John Pål Inderberg som sin mentor, og det viser at Ingrid både har lyst og evne til å utvikle seg og sprenge rammer både for folkemusikken og seg sjølv.
Ukedager | Dato | Tidspunkt | Sted |
|---|---|---|---|
| Fredag | 06.11.2026 06.11.2026 | 17:00 18:00 | Hilmartalentkonsert med Ingrid Sørheim |
